Rapport fra Youth og Master VM i Formula Windsurfing 2016

Lørdag 3.september reiste eg til Marathon Bay, Hellas for å delta på youth/master verdensmesterskap i Formula. Regattaen starta på tirsdagen, så dagen før var eg ute å trente og blei kjent med forholda der nede. Det var greie forhold og eg følte meg godt forberedt og klar. Målet mitt var topp 3 i juniorklassen. På tirsdagen braka det laus og første start blei rundt klokka 13:00. Eg fekk ein god start og låg framme med dei beste youthene, men allerede i det første slaget brakk forlengaren. Det tok lang tid før eg blei kjørt inn til land og eg gjekk derfor glipp av begge racene den dagen. 

14359805_10153770799235636_61209071_o

På onsdag fekk eg lånt ein forlengar og var klar igjen. Det var veldig lett vind og første start blei litt utpå dagen. Eg fekk to veldig gode race den dagen, og hadde ein 4 plass i det første racet. Då eg kom inn til land blei eg gjort oppmerksom på at eg hadde seilt litt feil og eg blei derfor diska på begge racene. Eg hadde bare rundet babord startbåt på veg inn til mål og ikkje lensemerket som låg ca 30m til siden for babordbåten. Det var veldig dumt på grunn av at på det første racet låg neste mann mange minutt bak meg, og eg hadde derfor ikkje tapt nokon plasseringar på å runde både merket og båten.

På torsdag blei det gjennomført 5 seilaser. Den første seilasen gjekk ganske bra og eg fekk ein 6.plass, mens den andre blei ein ok 10.plass. etter ein liten pause på land, blei me sendt ut til det 3 racet. Det gjekk ganske bra og eg fekk ein 7.plass, men då eg kom i mål oppdaget eg at spileklemma på den nederste spilen var brukket, så hele spila begynte å skli ut. Eg måtte derfor seile inn og gjekk glipp av den 4. seilasen. På land fekk eg satt på ei ny spileklemme og nådde akkurat den 5. seilasen.

På fredag blei det mykje venting, men seint på dagen kom det litt vind og det blei gjennomført ein seilas som blei den tiende og siste seilasen. På den seilasen fekk eg ein 7.plass.

Lørdag som var den siste dagen, blei det ingen tellande seilas.

Det var eit kjekt arrangement, men eg er skuffa over at eg ikkje fekk være med å kjempe om medaljeplass på grunn av alle uhella. Eg enda på 5. plass i junior-klassen og 13. plass i youth-klassen. Det var ei veldig lærerik veka og eg håper på å komme sterkere tilbake neste gang. Stor takk til våre danske venner som lånte meg en forlenger og hjalp meg med å sette inn ny spile-klemme.

NOR-27
Christoffer Agasøster Gangdal